Ettersøk grunnkurs og individuell oppfølging av ekvipasje
Kurs i Ørskog 23-25 april og 21-23 mai 2021 for elghund med fører. To kurshelger med individuell oppfølging av emne som DU ønskjer å lære meir om. Kurset vil også vere godkjent som «Ettersøk – grunnkurs.»
Kurset 23-25 april er avlyst pga. store snømengder. Kurset 21-23 mai går som planlagt, men etter kursplanen “Ettersøk - Grunnkurs.”
Vi ønskjer å tilby eit opplegg der ein første helga gjennom teori og praksis får lære teknikkar som skal hjelpe ekvipasjane på det ein har behov å bli betre på. Ein vil få ulike øvingstips som ein skal trene på til neste kurshelg. Personleg rettleiing er sentralt for desse to samlingane. Stikkord kan vere: Utstillingstrening, kvardagsdressur, blod- og fersksportrening.
Ved gjennomføring av begge kurshelger får ein også «Ettersøk-grunnkurs» og kursbevis for dette. («Ettersøk-grunnkurs» vil gå inn som ein del at det totale kurset.)
Hovudinstruktør for kurset er Christian Vole. For dei som ikkje kjenner han så er han ein nestor i elghundmiljøet og med autorisasjon og godkjenning for det meste innan bruk av jakthund og ettersøk. Han har lang erfaring med elghund og er også ein mykje brukt eksteriørdommar. Nærare kunnskapskjelda kjem vi ikkje!
Kursa vil gå føre seg på skytebana/skyttarhuset til Ørskog skyttarlag i Ålesund kommune. Det er campingplassar og høve til anna overnatting i området.
Det kan vere høve til å ta del i berre ei helg, men då vil ein ikkje få godkjent «Ettersøk grunnkurs» men ein vil sjølvsagt likevel få individuell oppfølging på kurset.
Prisar:
For medlemmar av Jotunfjell-Fjordane Elghundklubb er prisen kr. 900,- pr. helg. For ikkje-medlemmar er prisen kr. 1.400,- pr. helg. (Dersom ein melder seg inn som medlem i Jotunfjell-Fjordane Elghundklubb vil ein oppnå medlemspris.)
Merk: Prisen er pr. kurshelg og inkluderer lunsj laurdag og søndag. Det blir også ståande framme kaffe og mineralvatn under kurset.
Ved fullteikning av kurset blir medlemmar i Jotunfjell-Fjordane Elghundklubb og deltakarar som ønskjer å ta del i begge samlingane prioritert. (Det er plass inntil 15 deltakare, men talet kan bli redusert dersom tilrådingar frå helsehald tilrår ein reduksjon.)
Meir informasjon?
Ta kontakt med Gaute Aamlid, tel. 900 56 120, gaute@aamlid.net
Frist for påmelding: 8. april 2021
Lenke for påmelding: https://forms.gle/LtubGN7BFL6YBu57A
(Dersom det ikkje let seg å gjennomføre kurset i april pga. Covid19 vil kurshelga i mai bli gjennomført i heilskap som «Ettersøk – grunnkurs.»)