Årsmøte
Laurdag 18.februar var det dekka til årsmøte på Klones Gård i Vågå.
Det var 23 frammøtte til årets møte, og ein samlast rundt bordet med kaffi, noko å bite i og god prat. Ein viktig møteplass for gode debattar og diskusjon om året som har gått og tida framover.
I sesongen 2022 hadde klubben god deltakelse på både laus-, band- og ettersøksprøver. Og på årsmøtet kunne nokre av desse stolt ta i mot championatskjold og diplom. Stor stas for eigarar og hundar etter godt arbeid.
Etter årsmøtet var det moglegheit for trivelig middagsmåltid.
Årsmøteprotokollen blir lagt ut når den er underskriven.