Blodsporprøve Randsverk

Helga 10-11 juni var det duka for samla blodsporprøver ved Randsverk. Helga vart gjennomført med strålande veir, glade deltakarar og veldig gode hunder.

Det vart gjennomført 6stk EK spor og 19stk AK spor denne helga. Det var 13 ekvipasjar kvar dag, og mange gode resultater.

Det vart utløyst to nye championat denne helga. Eit viltsporchampionat og eit blodsporchampionat.

Viltsporchampionat: Hannoveransk Viltsporhund - Ahlbäcks Skye. Eier: Eiesar, Tore P

Blodsporchampionat: Norsk Elghund sort - STORM. Eier: Stø, Morten/ Bente Kvålshagen

V.I.P. Dogwear var der som hovudsponsor, og viste fram mykje godt utstyr og for. Simen Bækken hadde også eit informativt foredrag om foring og restitusjon av brukshundar. Alle bilder er tekne av Simen Bækken.

Klubben takkar deltakarar, dommarar og V.I.P Dogwear v/Simen Bækken for ei knakande fin helg.

Seierspallen Laurdag 10/6

Seierspallen søndag 11/6

Dommarar og elevar/aspirantar

Yngste deltakar: Einar Vole 12år, saman med bestefar Christian Vole. Einar og hunden gikk til ein solid 1.premie på sin første prøve.

Forrige
Forrige

Dovreutstillingen 2023 - statistikk

Neste
Neste

Samla blodsporprøve Randsverk