Sogndal 2015

Resultata for utstillinga i Sogndal er no klare og registrerte hos NKK. Av 25 påmeldte hundar stilte 22. Vi var spente på frammøtet då veret var ikkje det beste. Mellom anna var Sognefjellvegen stengt fredagen, men utstillarane stilte opp. Takk til alle som møtte på trass av veret! Dei timane utstillinga varte var utan nedbør, så det får vi seie var klaff.

Fredag kveld var det lyst til eit kort kurs om ettersøk og trening av kvelp i forhold til sporing. Christian losa oss gjennom kvelden og etter kvart fekk vi også litt meiningsutveksling og utveksling av ulike erfaringar når det gjelder dette emnet.

Klubben vil også sende ein takk til Kjørnes Camping for velvilje, god tilrettelegging og service.

Katalog med resultat legg som vedlegg. 

Vedlegg:
Last ned denne filen (resultatliste_Sogndal2015.pdf)Resultat - Sogndal 2015[ ]14-06-2015 18:10

Finn oss på Facebook